WikiStrinda er Strinda historielags leksikon over historiske personer, begivenheter og bilder i tidligere Strinda kommune og Trondheim kommune, samt områder påvirket av trøndere. WikiStrinda inneholder også artikler av nasjonal interesse, spesielt knyttet til emigrasjon fra Trøndelag.


WikiStrinda er også på Facebook, besøk oss her.

Krumkake

Fra WikiStrinda
Hopp til: Navigasjon, søk
Krumkake
Krumkake er eit tradisjonelt norsk bakverk av tynne, sprø kakeflak med bøygd form som ei kjegle. Kakene kan serverast som kaffimat og som julebakst.

Krumkakerøre kan lagast med like delar sukker, smør, kveitemjøl og potet- eller maismjøl i tillegg til egg og fløyte. Sukker og egg blir piska med smelta smør, ein tilset mjøl og derette fløyte. Ein kan også endra smaken med ulike tilsetjingar, som sitron, vanilje, krydder eller konjakk.

Ein steiker krumkaker i eit krumkakejern som gjev kakene mønster. Krumkakejernet kan minna om eit vaffeljern, men til forskjell frå vaflene blir krumkakene berre litt over ein millimeter tjukke og har mindre diameter. Etter steikinga, når kakene framleis er varme og mjuke, kan dei formast ved at ein ruller dei til kremmarhus rundt ein kjegleforma pinne, eller former dei til ei skål. Desse kan etast tørre, men blir gjerne fylt med til dømes krem, bær eller syltetøy. Dei kan også fyllast med iskrem, og minner mykje om kjeksen som blir brukt til å selja slik is i.


Kilde

  • Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Krumkake» frå Nynorsk Wikipedia. For å sjå bidragsytarar; sjå «historikk» knytt til den opphavlege artikkelen og «historikk» knytt til denne sida.