WikiStrinda er Strinda historielags leksikon over historiske personer, begivenheter og bilder i tidligere Strinda kommune og Trondheim kommune, samt områder påvirket av trøndere. WikiStrinda inneholder også artikler av nasjonal interesse, spesielt knyttet til emigrasjon fra Trøndelag.

WikiStrinda er også på Facebook, besøk oss her.


Trellen Kark

Fra WikiStrinda
Hopp til navigering Hopp til søk

Kark, også kalt Tormod Kark eller Skofte Kark, truleg fødd ca. 935 på Lade i Strinda, i noverande Trondheim, Sør-Trøndelag; død (henretta) 995 på Lade. Træl. Foreldre: Ukjende.

Ifølgje sagalitteraturen var det trælen Kark som tok livet av Håkon Sigurdsson jarl, Håkon jarl.

Snorre Sturlason fortel at Tormod Kark og Håkon vart fødde i samme natta, sjølvaste midtvintersnatta. Trua på lagnaden var sterk i det norrøne samfunnet, så det må ha blitt sett på som alt anna enn tilfeldig at ein jarleson og ein træl kom til verda samtidig. Håkon skal da også ha fått Kark i gåve den dagen han fekk den første tanna si. Jarlen seier det slik hos Snorre: “Vi vart fødde samme natta, det blir visst ikkje lenge mellom døden vår heller.”

Fleire sagaer fortel om slaget i Hjørungavåg (986) at Håkon jarl heldt på å tape for overmakta, heilt til han blota den vesle sonen sin til slektsgudinna Torgerd Hølgabrur og søstera Irpa. I Soga om jomsvikingane heiter det at trælen Skofte Kark fekk oppgåva å utføre ofringa. No kom eit kraftig haglvêr og hjelpte jarlen, slik at han vann slaget.

Vi har berre sagaene som kjelde for at Kark verkeleg har eksistert, og av desse er Soga om jomsvikingane rekna som ei av dei minst pålitelege. Om vi likevel skal tru denne, må Håkon jarl ha sett Kark svært høgt. Blot var ei viktig rituell handling som vart utført av stormenn, og menneskeofring var “det største blotet som er brukeleg” (ifølgje Olav Tryggvason, slik han er sitert hos Snorre). At jarlen let ein ufri mann stå for ofringa av sonen, understreker dei sterke banda mellom desse to. Hit peiker også dette at Kark, i den høge alderen av nærmare 60 år, enno følgjer herren sin. Gjennom eit langt liv hadde han levd som den personlege trælen til den mektigaste mannen i landet. Vi kan rekne med at han gjennom desse åra hadde samla seg rikdom – kanskje nok til å kjøpe seg fri etter dei lovene som gjaldt for slikt.

Mot slutten av levetida si kom Håkon jarl på kant med bøndene. Samtidig var Olav Tryggvason på veg til landet for å ta kongsmakta. I denne situasjonen lita ikkje jarlen på andre enn trælen Kark. Dei gjekk for å finne hjelp hos Tora på garden Rimol i Gauldalen; ho var ein av kjærastane til Håkon jarl. Kark grov ei grøft under grisebingen, og her gøymde jarlen og trælen seg. Olav Tryggvason kom til Rimol og lova gods og ære til den som kunne drepe Håkon jarl. Kort tid etter tok trælen kniven og skar hovudet av herren sin.

Sagaene har ulike versjonar av det som hendte, avhengig av kva slags bilete forfattaren vil gi av jarlen og kongen. Den mest vanlige tolkinga er at trælen let seg freiste av gods og ære. Ifølgje handskriftet Ágrip var det Håkon jarl sjøl som bad Kark ta livet hans. Hos Snorre er det redsle som utløyser drapet, fordi jarlen tek til å skrike mens han søv. Snorre er også den av sagaskrivarane som har størst sympati for Håkon jarl.

I dei fleste kjeldene heiter det at Kark drog til Lade med jarlehovudet. Her vart han sjøl halshogd. Begge hovuda vart plassert godt synlige på Nidarholmen (no Munkholmen), ein stad for avretting av tjuvar og andre illgjerningsmenn. På denne måten ville strategen Olav Tryggvason vise trønderane kor han høyrde heime, den gamle og høgt akta jarlen: side om side med ein træl og drapsmann.

Kilde

  • 1. Norsk Biografisk Leksikon. Idar Lind

Eksterne lenker