WikiStrinda er Strinda historielags leksikon over historiske personer, begivenheter og bilder i tidligere Strinda kommune og Trondheim kommune, samt områder påvirket av trøndere. WikiStrinda inneholder også artikler av nasjonal interesse, spesielt knyttet til emigrasjon fra Trøndelag.


WikiStrinda er også på Facebook, besøk oss her.

Sagbruksdrift Strinda, Klæbu og Byneset 1610-63

Fra WikiStrinda
Revisjon per 24. nov. 2020 kl. 14:36 av Jan H (diskusjon | bidrag)

Hopp til: Navigasjon, søk
Fil:Navn
Beskrivelse
Sagbruksdrift Strinda, Klæbu og Byneset 1610-63 er beskrevet av Folke Forfang i en artikkel fra 2020.

Innleiing
Området som denne artikkelen analyserer i Trøndelag er det som på første halvdel av 1600-tallet var Strinda fogderi, unntatt dagens Skaun kommune, Geitastrand og Malvik kommune. Den første lista med opplysningar om sagbruksdrift i dette området var i skattelista for 1610 (landskatten) for Strinda fogderi. Lista gir følgjande opplysningar:
• Harchel Bleckum hadde ei sag på Strinda, det kan være Leirfossen sag. Produksjon 30 tylfter.

• Peder Bolstad hadde Bostad sag i Klæbu, produserte 10 tylfter

Det kom sannsynlegvis mange sager dei neste seks åra, men det fins dessverre ingen skattelister for sagene i denne perioden. I 1616 la kongen ned forbud mot sager på kongens eller kirkas grunn. I skattelista for 1617 var det berre to sager som begge hadde fått tillatelse til å drive videre trass i det generelle forbudet. Dette var:
• Borgermester i Trondheim Jørgen Gram med Leirfossen sag som produserte 400 tylfter.
• Lagmann Jacob Pedersen i Trondheim og ombudsmann for Bakke kloster Eilert Christoffersen Skjøller for Wigde sag på Ranheim, som produserte 400 tylfter.
Men allerede i 1618 oppheva kongen forbudet, og dette resulterte i ein sterk vekst i sagbruksnæringa. Den følgjande analysen av sagbruksnæringa dreier seg om perioden etter at kongen oppheva sitt eige forbud i 1618, perioden 1620-1663.

Sagbruksdrift i Norge
I Riksarkivet finnes det dokument som beskriv bruk av oppgangssager i Norge tilbake til 1503. Det gjekk ei tid før oppgangssaga vart vanleg, men i Telemark var det mange sager allerede i 1550-åra. Dei viktigste områda i den første tida var Sørlandet, Telemark og området rundt Oslofjorden. Men det lettast tilgjengelege sagtømmeret var snart hogd, og sagbruksdrifta ekspanderte etter kvart oppover Vestlandet.

Ressursmangel sørpå medførte at oppkjøparane søkte nye skogrike områder. I Trondheim len kom næringa først til Romsdal, frå rundt 1610 til Nordmøre og Trøndelag, og frå 1658 vart næringa stor også i Nord-Trøndelag. I 1597 var det 30 sager i Romsdal, det var 38 i 1603 og 78 i 1610. Vi ser altså at når sagbruksdrifta starter i denne delen av Strinda fogderi så er det alt ei blomstrande næring i Romsdal.

Det som er lite kjent er korleis omfanget i sagbruksdrifta fordelte seg i Norge etter 1620. Her ser vi fordelinga i perioden 1620-43:

Produksjon av sagbord i Norge 1620-43 i tylfter sagbord


Utviklinga 1658-1663
I 1656 vart alle sager i Orkdal fogderi og i Hølonda tinglag i Gauldal fogderi forbudt på grunn av at skogen vart reservert for det nystarta Løkken gruver. Dermed vart 25-30 % av produksjonskapasiteten i Trøndelag tatt bort. Dei første åra vart produksjonen frå sagene i desse områda erstatta av sager i Gauldal fogderi. Gauldal leverte produksjonen til den samme fjorden som Orkdal, og ubrukt produksjonskapasitet i Gauldal kunne dermed erstatta produksjonen frå Orkdal. Etter 1660 må det ha vore svært gode prisar på sagbord, noko som førte til mange nybygde sager. Først og fremst i Nord-Trøndelag, men også i resten av Trøndelag. Omfanget av nybygde sager i ulike områder gir eit bilde av kor stor del av potensialet som allerede var utnytta.

Sagbruksdrift 1661-1663 :Tallet på sager/Produksjon
Fosen
Gamle sager:26 /14 364
Sager bygd etter 1658:11 /4 753
Totalt: 37 /719 117

Resten av Sør-Trøndelag:
Gamle sager :52 /24 058
Sager bygd etter 1658: 14 /77 970
Totalt :66 /732 028

Nord-Trøndelag Gamle sager :12 /9 825 Sager bygd etter 1658 :52 /33 426

Totalt antall sager:64 /43 251

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår.

ARTIKKELEN FORTSETTER NEDENFOR...


Se også

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på ei undersøking av opplysningar for perioden 1590-1663 om sagbruksdrift i Norge i skattelistene som ein finn på Digitalarkivet.

Det er to listetyper som er av interesse, grunnleielistene og skattelistene. Grunnleielistene er berre brukt for Trøndelag, mens skattelistene er brukt for heile landet. For Trøndelag er alle sagene identifisert med navn, plassering og sageigar gjennom heile perioden, mens det for resten av landet bare er registrert talet på sager og produksjon for kvart år.

  • Listene som er brukt finn ein i Digitalarkivet her:

• Lensregnskapa 1610-60:
o Sagavgift for Trøndelag 1620-60
o Landskatten fram til 1638
o Unionskatten 1638-44
o Kontribusjon 1644-60
• Stiftsamtsregnskapen 1661-63
• Landkommisjonen 1661 i listene for lagdømma 1661
Kartutsnitta er henta frå Norgeskart på nettet.

  • Personopplysningane om sageigarane er i hovedsak henta frå bøkene til Svein Tore Dahl:

Svein Tore Dahl 1999: Embetsmenn i Midt-Norge i tiden 1536–1660
Svein Tore Dahl 1999: Embetsmenn i Midt-Norge i tiden 1660–1700
Svein Tore Dahl 1999: Embetsmenn i Nord-Norge i tiden 1536–1700
Svein Tore Dahl 2000: Geistligheten i Nord-Norge og Midt-Norge i tiden 1536–1700

  • Opplysningene frå Kristiansunds historie er henta frå:

Johnsen, Arne Odd, Kristiansunds historie 1:1-2, Kristiansunds historienemnd 1942-1951, side 66.

  • Norske Riksregistranter (NRR) digitalt frå Nasjonalbiblioteket.