WikiStrinda er Strinda historielags leksikon over historiske personer, begivenheter og bilder i tidligere Strinda kommune og Trondheim kommune, samt områder påvirket av trøndere. WikiStrinda inneholder også artikler av nasjonal interesse, spesielt knyttet til emigrasjon fra Trøndelag.

WikiStrinda er også på Facebook, besøk oss her.


Lorentz Ewensen

Fra WikiStrinda
Hopp til navigering Hopp til søk

Prokurator og rettshistorikar Lorentz Ewensen (17.6.1728 - 4.4.1790 i Trondhjem ). Foreldra er ukjende. Gift 17.6.1756 med Birgitte Christine Abel f. Riise (1726–29.11.1786; enkje etter Peter Rasmussen Abel), dotter til skipstømmermann Einar Olsen Riise og Christence Riise.

Lorentz Ewensen praktiserte som sakførar i Trondheim og gav ut ei rekkje avhandlingar over juridiske emne.

Ewensen kom tidleg i kontorteneste i Trondheim, såleis hos prokurator Jørgen Læmell 1747–49 og hos prokurator Jens Schanche 1749–51. Av Schanche fekk han god attest, at han var å lita på, flittig, godt likt og halden for ein “habil og duelig person”. Dette forklarar at han alt som ung mann med fullmakt frå fleire prokuratorar førde viktige saker for dei både i Trondheim og i Akershus stift. 1752 lova magistraten ved første høve å tilsetja han som prokurator. Høvet baud seg alt året etter. Det var blitt mangel på prokuratorar både i byen og i stiftamtet. Stiftamtmannen sjølv skreiv at byen trong hans tenester “i alt hvad angik de faste eiendomme samt publike huses tarv”. Men da måtte Ewensen først ta ein “privat”, dvs. ikkje-offentleg juridisk eksamen i København, slik forordninga av 10. februar 1736 hadde gjort det mogleg for dei som ikkje var dimitterte frå ein latinskole til universitetet. Ewensen ville gjerne melda seg til eksamen, men han stod midt oppe i rettsaker og var utan formue. Difor søkte han om å bli eksaminert i Trondheim, stiftamtmannen rådde til, og i mars 1754 vart han examinatus juris med karakteren Bekvem. Denne framtidsretta eksamensordninga vart vanleg i Noreg frå 1760-åra av.

Alt som ung overrettsprokurator fekk Lorentz Ewensen ein stor praksis både i byen og i stiftamtet, og etter kvart vann han eit ry som ingen annan prokurator i samtida. Hans moralske ettermæle har nok lide ein viss skade på grunn av sladderaktige skuldingar frå ulike motstandarar, særleg presten Laurids Smith, rektor ved latinskolen i Trondheim 1781–85 (sjå NBL1, bd. 14). Men redaktøren i Adresseavisen, Matthias Conrad Peterson, gav advokaten Ewensen dette ettermælet:

Whilst he the Good of others fought,
He lived as a good Man ought,
Conscious of what he ow'd
To those, who made their Case his Care,
When wrongly they oppressed were,
And then he nobly glow'd.

I ettertida er det likevel Ewensens småskrifter som praktiserande jurist, rettshistorikar og utgivar som har størst interesse. Skriftene kom i to fasar, 1759–64 og 1781–85, to av dei i København, resten på eige forlag i Trondheim. Dei er gode kjelder til den tids vanlege og folkelege mistolkingar i familie- og tingsrett og i prosess, samtidig som dei viser korleis ein røynd advokat i andre halvdel av 1700-talet tolka slike stader i Christian 5s Norske Lov, særleg med støtte i eldre norsk lovverk. Denne samanhengen søkte han å dokumentera i dei rettshistoriske skriftene sine, med støtte i Hans Paus' Samling av gamle norske Love (1751–52) og den nyaste utgåva av Snorres Heimskringla (1757).

1784–85 gav Ewensen ut sitt eige juridiske tidsskrift i Trondheim, Samlinger af juridiske og historiske Materier. Her gav han ut tidlegare utrykte dommar, forordningar og aktstykke, to juridiske avhandlingar av fagfellar, omsette frå latin, og ei viktig avhandling han sjølv hadde skrive om at tretti års hogst i kongens allmenning ikkje kunne gje nokon rett. Ei line i Ewensens rettshistoriske forfattarskap er fem kortare artiklar om norske lovgivarar og lovverk, frå Gulatingslova og heilt fram mot Christian 5. Han viste sjølstendig skjønn som jurist og historikar ved at han i den siste artikkelen sin i tidsskriftet framheva Hirdskråa (1273) som kjelde til norsk forvaltningsrett og eldre historie.

Ewensen har ein førsteplass i norsk trolldomsprosessforsking ved at han i tidsskriftet sitt gav ut aktene i saka mot Lisbeth Nypan og Ole Nypan 1670 etter eit originalhandskrift i Videnskabernes Selskab, og med ei kunnig Forerindring. Også her viser Ewensen seg som ein samfunnsengasjert jurist frå opplysningstida, forstandig og lærd.

Ewensen hadde ei veldig boksamling. Auksjonskatalogen frå 1790 vitnar om vide interesser, og ikkje berre for jus og historie. Katalogen provar at nedlatande merknader om manglande latinkunnskapar ikkje har vore rettkomne, verken for forfattarskapet hans eller for kvalifikasjonane som overrettsprokurator.

Kilde

  • 1. Norsk biografisk leksikon, bind III side 611.
  • 2. Gudmund Sandvik. Store Norske leksikon.


Eksterne lenker